Skognæringa Kyst har spelt inn til Landbruks- og Matdepartementet at dei ynskjer 20 millionar kroner som spleisemiddel for å fjerne dei verste flaskehalsane på kommunal veg. Flaskehalsane gjer at ein ikkje kan køyre fullasta bilar frå A til B, men må heller køyre mange gonger med halv- eller kvartlasta bil. Slik vegstandarden er no er store deler av våre skogressursar utilgjengelege for verdiskaping og skaper utfordringar for jordbrukets behov for tungtransport. Masse ekstrakøyring går ut over økonomien – det tek tid, drivstoff og sliter på bilane. Ved å ikkje kunne lønsamt hauste av skogen  får me skjøtsel av skogsressursen og går glipp av verdiskaping. Ekstrakøyringa gjer høgare klimagassutslepp, og auka slitasje på vegsystemet. Å fjerne dei verste flaskehalsane har mykje for seg, ikkje berre for bonde og skogeigar- men for heile samfunnet ved å gje styrka infrastruktur og verdiskaping.

Transportøkonomisk institutt påpeiker at:

  • Rogaland har knapt kommunevegar (berre 2%) som tilfredsstiller dagens normale vegstandard på 24 meter lange vogntog, 60 tonn totalvekt og 10 tonns akseltrykk.
  • 60 % av kommunevegane er ikkje tillate å ha med tilhengar, - ein må altså køyre med enkel bil og kippe. (TØI rapport 1826/2021, side 10)
  • 50% av kommunevegane er så dårlege at ein ikkje kan ha tilhengar og knapt lass på enkel bil (berre 4-6 tonn). Dette gjeld altså BK8/32 vegar med vogntoglengde 12,4 og 15 meter. (TØI rapport 1826/2021, side 3)