Mattilsynet har utført ein tilsynskampanje for svinenæringa i heile landet, som har gitt oss ein god oversikt over næringa. Diverre er det for mange regelbrot. I regionen Sør og Vest, som omfattar Rogaland, er det handtering av sjuke og skadde dyr og manglande rotemateriale og strø som er utfordringa. Bondelaget er opptekne av at alle dyr skal ha det bra, og me opplever at svinenæringa har tatt grep om dyrevelferda. Det er næringa sjølv som har innført dyrevelferdsprogram, og det har vore fokus på kompetanse- og standardheving. Me hadde difor håpa på eitt betre resultat, men sjølv om det har vore ein samla heving av dyrevelferda –har ikkje hevinga vore så rask og høg som me hadde håpa på.

Tilsynskampanjen viser at det er konkrete utfordringar me må jobbe med, og dei er overkommelege. Utfordringane er ikkje i systemet kring svinehald og det er mogleg for alle svinebønder å drive med god dyrevelferd innanfor gjeldande regelverk – for dei fleste bøndene klarar å levere med null eller få avvik. Det er den gruppa som har hatt størst vekst.

Næringa skal framleis jobbe med å styrke dyrevelferda. Tilsynskampanjen viser at me må jobbe med å sikre at alle grisebestander har rotemateriale, strø og tilstrekkeleg tilsyn. Dette er ein overkommeleg oppgåve, og me skal jobbe for å sikre at alle svinebønder har dei rette rutinane og kompetansen til å levere eitt godt stykke svinehald.

"Eg opplever næringa som foroverlent og regner med dei som alltid gjer sitt for å drive i tråd med regelverket. Mange kan klappa seg sjølv stolt på bryste fordi dei driv godt. Samstundes kan vi alltid strekke oss og forbedre oss. Her er erfaringsutveksling ein nøkel og heldigvis er koronarestreksjoner nå over så vi igjen kan treffast over kaffikoppen å ha dei gode samtalene", seier Marit Epletveit, leder i Rogaland Bondelag