Fylkesmannen i Vestland melder at mange beitelag kjem til å sanke samstundes, rundt helga 7.-8. september. Det betyr at det er mange dyr som skal fraktast til slakt på få dagar, og det kan gå ut over køyre-og kviletida til sjåførane.

Reglane for køyre- og kviletid kort oppsummert:

  • Sjåføren kan køyre maksimalt 9 timar per dag. To dagar i veka kan køyretida strekkast til 10 timar per dag.
  • Kvar dag må sjåføren ha ein pause på 45 min for kvar 4,5 time han/ho har køyrd. Ved 10 timarsdag vert det 3 pausar på 45 min.
  • Kvar veke må sjåføren kvila minst 45 timar. Vekekvila kan vere på 24 timar mot at ein tek att dei tapte kviletimane i løpet av den same månaden.
  • Køyretida per veke er summen av all køyring mellom to vekekviler. Den kan maks vere 56 timar og i løpet av to veker kan den ikkje overstige 90 timar.

Råd frå slakteri og beitelag

Mykje av dyretransporten er det Nortura og Fatland som tek seg av, om det gjeld frakt direkte til slakteri eller heim til garden. Næringa har teke initiativ til å informere og diskutere kva dei nye reglane har å seie i praksis.
Det kan bli hektisk i september og at alle beitelag som tingar køyring, må difor vere førebudd på at ein ikkje alltid vil få bil når ein ynskjer det. Kapasiteten til å køyre dyr er der, men kanskje ikkje på det tidspunktet ein har tenkt.

Gode råd og moglege tiltak er:

  • Planlegg godt! Om det er mogleg, legg hovudsanking til ein annan helg enn 7.-8. september, eventuelt på vekedagar i staden for helg. Ein del sjåførar må kanskje ha vekekvila si i helgane.
  • Ha god dialog med transportøren! Gje tidleg og tydleg beskjed kva de ynskjer og gje beskjed om endringar så raskt som mogleg (endre dyretal, klokkeslett osb).
  • Dyr til slakt har fyrsteprioritet! Vurder om det er mogleg å la dei vaksne sauene stå eit par dagar, før dei skal transporterast heim. Hugs på vatn, fôr og ly, men elles kan dei fint stå i hegn nokre dagar.
  • Sørg for gode tilrettelegging før lasting av bil. Set dyra som skal på bil i eigne sankegardar.
  • Ha ljos på lasteplassen. Ein kan gjerne laste dyr etter det er blitt mørkt, om ein har godt arbeidsljos.
  • Ikkje send dyr på transportbil utan merke eller dyr som er sjuke.

Ved spørsmål og for planlegging, ta kontakt med:
Nortura v/K. Håkull: 971 65 537
Veland transport: 480 48 720

Kilde: Fylkesmannen i Vestland