Her kan du lese innlegget til Knut:

 Landbruksavtale-fokuset har dei siste åra vore prega av at næringa skal ta inntektsvekst ut i marknaden. Verkemiddelet er auke i målprisen.

Ja, målpris ER inntekstsmogelegheit for jordbruket. Men målpris for Frukt- og Grønt næringa er ein samansett problemstilling. Marknaden er  svært dynamisk og pris-elastiteten er stor. I tillegg så hentar frukt og grøntnæringa ut ein langt høgare andel av inntekta frå marknaden enn det tradisjonelle jordbruket.

Eg har nokre problemstillinga i tilknytning til målpris:

Når importpris ligg OVER norsk målpris - noko som skjer innimellom - så kan det oppstå ein interessant situasjon når produsentane ønskjer å ta ut pris på linje med importpris. Svært forenkla  så kjem LD etter to veker og seier: Hmmm.... no tener næringa for godt - det må gjerast grep! Og grepet er nedsetjing av toll for å få samsvar mellom importpris og målpris.

Spissformulert så er målpris i ein slik situasjon max.pris for kva næringa kan henta ut av marknaden. Og at målpris er eit verkemiddel som sikrar forbrukar interessene!

Når importprisen ligg UNDER norsk målpris så vert norsk pris pressa ned og produsenten greier ikkje å ta ut inntekspotensialet - med mindre kjedene er villig til å betala litt meir for norske produkt. Dette er klart lettast å få gjennomslag for i starten av sesongen når produkt har nyheitsverdi.

I dette biletet er det denne sesongen – som me har høyrt om tidlegare i dag - knytt stor spenning til korleis målprisbiletet  vil sjå ut no etter COOP sitt oppkjøp av ICA.

Eg vil med dette peika på at fast årleg prosentvis auke i målpris ikkje alltid er like målretta for frukt- og grøntnæringa. Putin sine innfall i Aust-Europa, COOP sitt oppkjøp av ICA, valutasvingningar og klimaet denne våren er eksempel på faktorar som kan gje store konsekvensar i prisbiletet. Det er difor viktig for Bondelaget å ha god kontakt med GPS og Gartnerforbundet om forholda i grøntmarknaden - både i forkant av jordbruksforhandlingane og undervegs i sesongen.