Dei regionale miljøtilskota (RMP) blir rullerte om lag kvart fjerde år, som ein del av regionalt miljøprogram.

Både Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har vore med å utforme forskrifta.

Landbruksdirektoratet vedtok i 2018 ein Nasjonal instruks for regionale miljøtilskudd. Fylka definerer eigne miljøutfordringar og strategiar, og vel tiltak til sitt regionale miljøprogram frå den nasjonale instruksen.

I jordbruksoppgjeret 2018 vart det fastsett at alle fylke skal ha tilskot til bratt areal, stølsdrift i minst 6 veker og nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel som tilskotsordningar i sine regionale miljøprogram.

I denne lenka kjem de inn på nettsida til Fylkesmannen og dokumenta som høyrer til saka: Høyring av forskrift for regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland.

Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har som mål å gje felles uttale. Hordaland Bondelag skal handsame saka i styremøte 13. mars. Lokallag som ynskjer å gje innspel til fylkesstyret, kan gjere dette innan 6. mars.