Høyring av regionalt miljøprogram
Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd eit forslag til regionale tilskotsordningar for perioden 2019–2022. Forskrift for dei regionale miljøtilskota i jordbruket i Vestland er no på høyring.
Både Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har vore med å utforme forskrifta.
Landbruksdirektoratet vedtok i 2018 ein Nasjonal instruks for regionale miljøtilskudd. Fylka definerer eigne miljøutfordringar og strategiar, og vel tiltak til sitt regionale miljøprogram frå den nasjonale instruksen.
I jordbruksoppgjeret 2018 vart det fastsett at alle fylke skal ha tilskot til bratt areal, stølsdrift i minst 6 veker og nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel som tilskotsordningar i sine regionale miljøprogram.
I denne lenka kjem de inn på nettsida til Fylkesmannen og dokumenta som høyrer til saka: Høyring av forskrift for regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland.
Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har som mål å gje felles uttale. Hordaland Bondelag skal handsame saka i styremøte 13. mars. Lokallag som ynskjer å gje innspel til fylkesstyret, kan gjere dette innan 6. mars.