Enge skule på gardsbesøk
Kvart år arrangerer Etne Bondelag open gard for 5. klasse ved Enge Skule. I år var dei hos Kristian Nordgård og Else Merete Frette på Flåte.
Kristian Nordgård og Else Merete Frette fortalde litt om kvardagen sin som bønder med mjølkeproduksjon på geiter i vill vestlandsnatur. Det var rundt 30 skulebarn innom garden, og alle fekk sjå og kose med geiter og små kje. Dei fekk også ein quiz om landbruk.
Fatland spanderte grillmat og Tine sponsa drikke.
Bilde: Etne Bondelag.