Bondelaget deltar i solidaritetsprosjektet "Bønder støtter bønder" gjennom Utviklingsfondet sitt arbeid i Malawi. Malawi ligg søraust i Afrika og er eit av dei fattigaste landa i verda. Prosjektet har eit program som utdanner modellbønder. Modellbøndene lærer opp andre bønder i nærområdet. Bidraga går også til såkorn og husdyr.

Tidlegare fylkesleiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, har nyleg vore på besøk i Malawi. Ho var imponert over kva bøndene der får til med svært små ressursar. Frøydis viste bilde og fortalde frå besøket. 

Fylkesleiar Kjetil Mehl oppfordra forsamlinga til å kjøpe fleire lodd enn dei gjorde på årsmøtet i Sogn og Fjordane. Det fekk vi til, og vi samla inn over 12 000 kroner!

Takk til alle som bidro med gevinster.

Les meir om Malawi-turen til Frøydis: Varmt møte mellom malawiske og norske bønder.