Hordaland Bondelag har rekruttering til næringa og til naturbruk- og agronomistudier høft oppe på agendaen. Utdanninga for vaksne er viktig, og det er gledelig at det no er mange søkjarar. Rådgjevar Geir Totland i Hordaland Bondelag hadde forelesning om mellom anna landbrukspolitikk for dei 14 elevane.

– For oss er det sjølvsagt stor stas at dette tilbodet er oppe og går, sa Totland då Hordaland Fylkeskommune kom innom for å skrive litt om studiet. -Kanskje er det heller ikkje så galt at framtidige bønder har prøvd ut ein del andre fagfelt før dei for alvor stig inn i fjøset. Ein bonde i dag må vera bedriftsleiar, nyskapande og innovativ, og ikkje minst evna å driva produksjon jamt og trutt over tid. Då treng ein ofte kunnskap langt utover det ein får gjennom ei rein agronomutdanning.

Les meir om tilbodet og fire av elevane på nettsida til Hordaland Fylkeskommune.