Då Gjensidige tok bordsete på Agderkontoret
Gjensidige er ein viktig samarbeidspartner for Bondelaget - og for Bondelaget sine medlemmer. Kva er vel då meir naturleg enn å invitere representanter for denne samskipnaden til eit triveleg bordsete på Agderkontoret. Onsdag den 16. desember vart på mange måtar ein merkedag. For båe partar.
Tilbakemeldinga frå deltakarane var at dette var eit viktig, og på mange måtar avklarande møte. Det er vel slik med dette samarbeidet, slik det er med dei aller fleste samarbeid elles i samfunnet, at mykje er greit - og at mykje kan verte så uendeleg mykje betre.
Både Agderkontoret, fylkesleiarane, forsikringsagentane - og ikkje minst eit par tusen forsikringskundar, på båe sider av fylkesgrensa, ser fram til eit fortsatt godt og fruktbart samarbeid.
Me skildes alle som gode vener - og med ei felles von om at slike møter bør det verte fleire av i framtida.