Bak frå venstre: Erik Lien (assurandør Gjensidige ), Erik Fløystad (fylkesleiar AA Bondelag ), Tor Erik Leland ( fylkesleiar VA Bondelag ) - framme f.v. Arnstein Bendiksen ( Gjensidige ) og Jostein Halstvedt ( Gjensidige. ( foto: øystein moi )

Tilbakemeldinga frå deltakarane var at dette var eit viktig, og på mange måtar avklarande møte. Det er vel slik med dette samarbeidet, slik det er med dei aller fleste samarbeid elles i samfunnet, at mykje er greit - og at mykje kan verte så uendeleg mykje betre.
Både Agderkontoret, fylkesleiarane, forsikringsagentane - og ikkje minst  eit par tusen forsikringskundar, på båe sider av fylkesgrensa, ser fram til eit fortsatt godt og fruktbart samarbeid.
Me skildes alle som gode vener - og med ei felles von om at slike møter bør det verte fleire av i framtida.