Årsmøte på Agder
Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag skipa til årsmøte i Kristiansand denne veka. I strålande vårsol, eit stutt steinkast frå både sandstrand og sørlandsk bølgeskvulp, var meir enn 60 utsendinger og gjestar samla til ting. (foto: øystein moi )
Presis klokka 10:00 kunne organisasjonssjefen ved Agderkontoret, Finn Aasheim, ynskje møtelyden hjarteleg velkomen til årsmøte 2016.
Fyrste bolken av møtet vart skipa til som eit felles møte for dei to fylkeslaga.
Torbjørg Austrud, 1. vara til styret i Norges Bondelag, var hovudtalar på årsmøtet. Ho tok utgangspunkt i øveskrifta "Nytt næringspolitisk program 2016 - 2020." og det var etter kvart mange utsendinger som bad om å få låne mikrofonen etter hennar innlegg. Austrud heldt eit godt og lett skjøneleg foredrag. Nyttig informasjon som vonleg kan vere godt for dei lokalt tillitsvalde å ha med seg i dokumentmappa i dagane frametter - i tida fram til jordbruksforhandlingene tek til.
Fleire av utsendingane, og einskilde frå administrasjonen, vitja tidlegare i vinter den store internasjonale mat - og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin.
Katrine H. Jarnes, fast sete i fylkesstyret og drivar av Hesnes gartneri i Grimstad, var sjølve med i delegasjonen til landbruksminister Jon Georg Dale då han vitja messa.
Katrine fortalde frå turen, og frå messa - medan organisasjonssjef Aasheim supplerte med levande bilete frå Berlin. På storskjerm.