Foto: øystein moi
Etter tre lange og strevsame dagar inne på messeområdet hadde ein truleg ikkje vitja meir enn snaut halvparten av utsillarane. Det var beint fram ikkje mogleg å få med seg alt. Korkje føtene, hovudet eller meltingsorgana er laga for ei slik påkjenning.
Her var nasjonale rettar, med tilhøyrande drikke, frå meir enn 70 ulike land på kloda. Mat, kultur og reiseliv, hand - i hand. Den norske "paviljongen" var umåteleg populær blant skodelystne matelskarar frå heile verda. Her serverte dei m.a. elgpylse frå austlandet, smør frå Setesdal, lefser fra Bjåen, øl frå Grimstad - og sjølvsagt kilovis med den vidgjetne Jarlsbergosten.

Arrangørane rekna med at meir enn ein halv million mennesk ville vitje messa i løpet av veka. Blant desse fann me altså ein gjeng ihuga og stolte matprodusentar med postadresse på Sørlandet. Her såg me og kjende andlet frå det politiske miljøet på Stortinget - og me såg personar med viktige posisjonar i det norske næringslivet.
Vonleg reiste dei alle heim, gode og mette, og heilt øvetydde om at matproduksjon framleis er den aller viktigaste næringa ein kan drive med. 
Norsk matproduksjon kan gå framtida ljost i møte. Lefser frå Bjåen, stutekjøt frå Gjerstad, poteter frå Søgne - og smør frå Moisund vil framleis vere etterspurd øve store delar av verda. 
500 000 vitjande på Grüne Woche 2016 ber bod om nettopp dette.