Tid: 15. desember klokka 10 – 11
Innleiar: Advokat Børje Hoff frå Harris Advokatfirma AS.
Harris Advokatfirma AS er eit av fleire samarbeidande advokatkontor for Norges Bondelag.

Seminaret er gratis. Seminaret er på Teams, og deltakarlenke blir sendt ut 14. desember.

Fokus på ulike typar tvistar, tvisteløysingsorgan og fordeler/ulemper med desse.

Litt kva vi kjem innom:

Erfaringa er at grunneigarar/gardbrukaren kan hamne i ulike rettslege tvistar. Det er eit utal med måtar tvistar kan løysast på. I seminaret vil det bli vist til ei rekke type ulike tvistar og kva alternativ grunneigarane/bonden då står overfor. Seminaret vil altså vere praktisk innretta.

Er tvisten privat – deg som privatperson eller er tvisten knytt til garden/drifta. Kva er skilnaden?

Du er truleg kjent med ulike former for tvisteløysing, men kva inneber desse?

  • Saka for alminneleg domstol
  • Saka for jordskifteretten
  • Forsikringssak og meklingsorgan
  • Naturskade og regelverket
  • Tvisteløysing jamfør kontrakt
  • Valdgift

Påmelding