Årsmøte til Vossestrand Bondelag gjekk av stabelen i Myrkdalen Grendahus 12 oktober.       Leiar Oddbjørn Bratthole styrte møtet med dei faste årsmøtesakene. Laget har 123 medlemmer.  7nye i 2022.   God aktivitet førte til at dei vart årets lokallag i 2021.  Laet samarbeidar godt med Voss Bondelag og Granvin Bondelag. Årsplan for 2023 gjev utrykk for samme ambisjonsnivå som tidligare.

Ole Bjarne Hovland, som er styremedlem i Vestland Bondelag fekk sleppa til med nokon ord om kor viktig bonden sin jobb er og kor viktig matproduksjon i Vestland vert i tida framover sett i lys av ein aukande befolkning, krig, klimaendringar osv.  Det vart og tid til noko diskusjon kring Gryttenutvalget sin NOU.

Bygdekvinnelaget sytte tradisjonen tru for god mat i møtet

Spydspissbonden Leif Arne Lirhus hadde ei god økt med å framsnakka klimasmarte tiltak på gardane og at å logga seg inn i klimakalkulatoren ikkje er farleg.  Klimakalkulatoren er landbruket si løysing på å måla klimakutta me har forplikta oss til gjennom klimaavtala.

Oddbjørn Bratthole (nummer to f.h.) vart samrøystes attvald som leiar.  Med seg i styret har han  f.v. : Lars Arne Hamre, Jon Ola Draugsvoll, Hege Nesheim, Oddbjørn og Katrine Hauso.

 

Vossestrand sitt årsmøte var det første av i alt 74 lokallagsårsmøte som skal gjennomførast i løpet av oktober og tidleg november.  Da gjer seg ikkje sjølv.