Vil du vere med som storfehaldar også i framtida?
Tysdag 26. januar er du velkomen til Hyllestad på møte om storfehald.
Vil du vere med som storfehaldar også i framtida?
Møt opp på Hyllestad kommunehus tysdag 26. januar kl. 20.00. Tema er:
Jo Helge Sunde frå storfeprosjektet i Sogn og Fjordane:
- Er det liv laga for mellomstore og mindre besetningar?
- Økonomien i storfehaldet på mjølkeku og ammeku
Terje Ramstad frå Mattilsynet:
- Aktuelt regelverk som bonden må forhalde seg til
- Kva er det som blir kontrollert på inspeksjon?
- År 2024, regelverket kring lausdrift og nye beitekrav
- Kva dilemma ser Mattilsynet for seg på den einskilde gard i høve til 2024
Det vert enkel servering, og difor påmelding til Liv Synnøve Andersen på sms/tlf 94899611 eller mail liv.synnove.andersen@tine.no innan 22. januar.
Møtet er eit samarbeid mellom Tine, Fjaler og Hyllestad Bondelag, Hyllestad bonde- og småbrukarlag, Hyllestad kommune og Norsk Landbruksrådgjeving.