Her kan du lese heile avisinnlegget der fylkesleiar Anders Felde svarar ut Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå partiet Venstre: 

Alfred Bjørlo hevdar i ei NTB melding at prisane på meieriprodukt vil stige dersom regjeringa fasar ut subsidiane til Q-meieriet, Synnøve Finden og Røros meieriet.  Dette er direkte feil, fordi ordninga som finansierer desse særordningane er organisert som ei avgift lagt på konsummjølka (drikkemjølk). I prinsippet kan faktisk ei utfasing av den økonomiske støtta til gi billigare mjølk i butikk!


Det er heilt naturleg at desse klagar på at Landbruks- og matdepartementet no har planar om å fase ut støtta. Dei hentar ut ca. 200 mill kroner i støtte kvart år. Ingen har vore ueinige at ei slik støtte var naudsynt dei første åra, slik at ein får industrien opp og gå, men at støtta skulle vare evig, var det vel få som tenkte. 


Administrerande direktør i Q-meieria Bent Myrdahl uttalte til Nettavisa i oktober 2021, at dersom dei miste 50 mill i distribusjonstilskot so ville overskotet bli redusert med 1/3 del. Evalueringa av desse subsidiane viser at dei ikkje har ført til nyetableringar eller innovasjon. Med andre ord er det først og fremst overskotet til Q-meieria som blir mindre, og ikkje utvalet i butikk, som Alfred Bjørlo hevdar.


Landbruksdirektoratet har tidlegare konkludert med at Q-meieriet og Røros meieriet ikkje lenger kvalifiserer til å få denne støtta. Dette er også konklusjonen i ein rapport som kom før jul, som går gjennom heile støtteregimet til dei AS organiserte meieria. Då er det det som elles i livet at støtte du ikkje har rett på å få, den misser du !!
Det Alfred Bjørlo ikkje ofrar ein tanke er at ordningane undergrev mjølkeproduksjon i heile landet, inkludert i hans eige heimfylke.  Over 2 mrd er no nytta til å subsidiere det største meieriet i Norge, der det er billigast å hente og distribuere mjølk. 


Tine SA er eigd av mjølkebønder i heile Norge. Det er eit samvirkeselskap som er hentar mjølka der ho blir produsert, uansett kor det er i landet. Blir det overskot i Tine so styrkar ein selskapet eller betalar ut det ut til mjølkebønder i heile landet. 


I tillegg til industriarbeidsplassar, bidreg mjølkebonden til sysselsetting innanfor handel og servicenæringane. Gardar og meieri skapar næringsgrunnlag for elektrikar, rørlegar og lokale entreprenørar. Det skapar ringverknader. Totalt bidreg bonden og samvirket til 23 milliardar kroner i verdiskaping – utanfor eiga verksemd.  

Den norske mjølkebonden vil fortsette å investere i eit levande Norge. Vi ynsker å oppfylle samfunnsoppdraget. Men vi klarer ikkje dette om konkurrentane våre  skal få 200 millionar kroner i særtilskudd kvart år. Den norske meierimarknaden er ikkje stor.  Skal det ligge ein verdi i å hente mjølk – og foredle den i nærleiken av der mjølka blir produsert, må det vere et visst volum.  Særtilskota konkurrentane våre mottek, flyttar volum frå distrikta til sentrale strøk.

Vil du legge ned mjølkeproduksjonen i Vestland, Alfred -  er det dit du vil ?  spør fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde