Her kan du lese innlegget til Frode:

Eg heiter Frode Handeland og kjem frå Sveio i Hordaland. Eg driv mjølkeproduksjon med ein kvote på 480.000 i samdrift med kona og sonen min.

På bruket mitt er eg heilt avhengig av å ha dyra ute på beite. Det er eg glad for!  Eg meiner at dyr på beite er ein vinnarsak for landbruket. Det er klimavenleg – ”kortreist appetittfòring”  -   som er ein god sak for å synleggjere at vi driv ein miljøvenleg, berekraftig produksjon. For folk flest er det ei oppleving å sjå dyr ute i eit velhaldt kulturlandskap, og vi skal ikkje undervurdere kva det har å sei for politikarane heller. I dag er vi kanskje blitt for flinke til å omtale alle problema ved beiting. Rovdyr, ørn, snørike vinter, beitekrav, tilsyn, … Ser vi ikkje at dette kan gå for langt og svekke legitimiteten for næringa vår?

At drøvtyggarane kjem ut på beite er sjølve fundamentet for at vi er truverdig i vårt bodskap om dyrevelferd, bærekraft og miljøvenleg produksjon. Auka fokus for å ta i bruk meir av beiteresursane i matproduksjonen er derfor heilt naudsynt!

Skal eg kunne ta ut potensialet på min gard, må beitene oppgraderast. Det betyr at då må eg ha betre tilkomst til beitene, ikkje bare for dyra si skuld, men for at eg skal kome til med reiskap og få gjødsla betre osb. I tillegg må det drenerast betre. Poenget mitt er at meir av tilskottspotten må gjerast tilgjengeleg for å nyttast til oppgradering av beite.

Gje oss denne mogelegheiten, og heile landet vil dra nytte av gevinsten! La oss få tilskot/investeringstilskot  til landbruksvegar og til grøfting og då helst opne grøfter.