Viktig å vere der når bonden treng det
- Nokon av bærbøndene i Vik gav uttrykk for at dei ikkje hadde fått nok støtte i vanskelege saker, seier nestleiar i fylkeslaget Ole Bjarne Hovland som deltok på Vik Bondelag sitt årsmøte.
Det må vi ta til oss seier Hovland. Det er viktig at vi på fylkesnivå er til stades også i vanskelege spørsmål. Det føler eg også vi var gjennom å skipe til eige møte, men vi lyttar, tek det til oss og jobbar stadig for å betre oss. Det er viktig at vi er til stades når nokon kjenner seg åleine med sine utfordringar held han fram.
Aktivt kvardagsbondelag
Vik Bondelag har arrangert sosial samling i form av ein bonde pub. Det fekk svært positiv merknad frå salen og medlemene gav tydeleg uttrykk for at dette måtte snart arrangerast igjen. Lokallaget har tett dialog med kommunen kring handtering av landbruksplasten. Kommunen har stilt opp med kring 30000 frå næringsfond til dekking frakt av kontainer . Det er svært bra og døme på godt samarbeid mellom bondelaget og kommunen seier Ole Bjarne Hovland. Vik Bondelag sette også opp flotte #komhit rammer i sommar. Dei gjennomførte også medlemsmøte med innleiingar av Anders Felde.
Biletet: Deler av den flotte landbruksbygda Vik
Styret held fram
Styret i Vik Bondelag f.v. Frode Voll,Endre Nese, leiar Turid Haga Vange, Per Olav Langeland Tistel, Jo Risløw og Eivind Lidal
Andre tema som vart drøfta i møtet var mellom anna investeringsverkemidlar og kvoteordninga for mjølk. Ein interessante kveld avsluttar nestleiar Ole Bjarne Hovland medan han venta på å ta ferja over fjorden frå Mannhellar til Fodnes kring midnatt.