10 prosent av jordbruksjorda i Ukraina er minelagt. Norges Bondelag og Norsk Folkehjelp går saman om ei mineryddingskampanje for å få rydda jorda og bidra til ukrainsk matproduksjon.  

Vestland Bondelag var raske til å vedta å kome med eit bidrag på kroner 10.000.  - Eg oppfordrar mange til å støtte opp om aksjonen vidare seier nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus.   Alle kan bidra ved å sende eit beløp til Vipps nr: 521539

VIPPS NR 521539

- Det går kaldt nedover ryggen på oss og det er umogleg å forestille seg korleis det er å køyre traktor over eit jorde - og ikkje vite om ein overlever, skriv nestleiar Marianne Nordhus i eit innlegg på facebook .   

"Mange bønder er totalt avskåret fra å dyrke jorda uten å risikere liv og lemmer. I landet som gjerne kalles Europas kornlager, får dette store konsekvenser ikke bare for befolkningen i landet, men også for den globale matsikkerheten."


Ver med på noko meiningsfullt i ein meiningslaus situasjon er den klåre oppmodinga frå Marianne Nordhus og resten av styret i Vestland Bondelag.

HER kan du lese meir om Bønder Hjelper Bønder