Vervedag i Gloppen med gode resultat
Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag inviterte lokallagsleiarar i Nordfjord med på vervedag på Gloppen Hotell på Sandane.
Nils Magne Gjengedal, leiar i verveutvalet, starta med å ynskje velkomen. I tillegg delte han sine beste tips og triks for korleis ein kunne bli ein betre vervar.
Medlem i fylkesstyret Nils Magne Gjengedal delte sine erfaringar
Knut Tore Nes Hjelle frå Eid Bondelag og Kristen Grov frå Gloppen Bondelag
Torunn Ommedal Aandstad frå Hyen Bondelag og Arne Frode Øvreseth frå Breim Bondelag
Deltakarane fann seg ein roleg stad der dei kunne ringe til potensielle medlemer. På slutten av dagen møttes me igjen, og det var tid for å kåre ein vinnar.
Vinnaren av vervekonkurransen vart Kristen Grov. Leiaren i Gloppen Bondelag verva seks nye medlemmer denne dagen, og me gratulerer.
I konkurransen deltok:
Kristen Grov - Leiar i Gloppen Bondelag
Arne Frode Øvreseth - Leiar i Breim Bondelag
Torunn Ommedal Aandstad - Leiar i Hyen Bondelag
Knut Tore Nes Hjelle - Leiar i Eid Bondelag
I tillegg stile Gry Ingvild Agjeld, Nils Magne Gjengedal frå fylkeslaget.