Venstre landa på rett side
- Det er flott at partiet Venstre har prioritert å bygge kunnskap i saka kring tollvern for norsk matproduksjon framom å la ideologi styre eit så viktig val for norsk matproduksjon, seier fylkesleiar Per Hilleren
- For mange matprodusentar i fylket var dette ei kjærkomen førjulsgåve som sikrar moglegheiter for å kunne hente viktige inntekter frå marknaden i framtida, held Hilleren fram. Mange i Venstre har synt stor vilje til å setje seg inn i saka og forstå konsekvensane av ulike val. Det tykkjer eg er flott. - Det at politikarar syner vilje til å setje seg inn i saker og prøve å forstå ulike sider ved dei skapar tillit, sett frå min ståstad. At politikarane let realpolitikken kome fram, og ikkje berre let seg styre av ideologi utan å sjå konsekvensar for næringslivet, er viktig for oss i landbruket, som er så avhengige av politiske vedtak, seier ein engasjert fylkesleiar.
- Det vert spanande å følgje utviklinga i landbrukspolitikken framover der den skal skapast i samspelet mellom regjering, Storting og omgjevnadene. - Vi går eit spanande halvår i vente, avsluttar Hilleren.