Terje Breivik skryter av Venstre sitt løft for vestlandsbonden i Hordaland laurdag. Det er i beste fall å vri på fakta.

Har du gløymt, Terje, at du og Venstre i lag med dei blåblå i dei tre siste jordbruksoppgjera har gjennomført tidenes omfordeling av tilskota i norsk landbruk, frå små og mellomstore (vestlandsbruk), til store bruk? Har du og gløymt Terje, at du og Venstre har ivra for at importkvotane for ost har vorte vesentleg auka desse åra Venstre har vore støtteparti for dei blå-blå? Noko som gjorde at meieriet på Voss heldt på å ryka!

Trass fine ord, er faktum at Venstre sa frå seg mogelegheita for å danna fleirtal for å fylgja opp Stortinget sitt vedtekne mål om å redusera inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper no. Dersom me skal greia å tetta inntektsgapet, må landbruket få minst det same som andre grupper, d.v.s. 16.700 kroner i inntektsmogelegheit per årsverk for 2018.

Med Venstre si løysing vil inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper auka med 3700 kroner per årsverk. Kvifor? Jau, ramma i budsjettet er rett og slett ikkje stor nok. Skal landbruket få det same som andre grupper, krev det ei ramme på minimum 790 millionar kroner.

Terje Breivik skriv i lesarinnlegget sitt at bonden på Vestlandet får eit løft på 22.000-23.000 kr per årsverk. Eg stussar på dette, all den tid Venstre ikkje har føreteke ei fordeling av sitt forslag til budsjettramma på 625 millionar, men overlete det til jordbruket og staten å verta einige om ei fordeling. Venstre har heller ikkje nemnt eit løft for vestlandsbonden i dei overordna føringane for fordelingen av budsjettmidlane.

Eg vil difor utfordra Terje Breivik til å leggja fram reknestykket sitt. Det trengst eit løft for vestlandsbonden. Men marginale løft som går på bekostning av gardsbruk i andre landsdelar er feilslått politikk.

Regjeringa føreslo å avvikla det generelle beitetilskotet til sau, kyr og storfe, og å fjerna tilskota til beiting på areal som ligg nærast fjøset, altså innmarksbeitet. Det gjev store økonomiske tap, særleg for mjølkeprodusentar som er avhengige av at kyrne beiter i nærleiken av fjøset. Venstre held fast på dei fleste av forslaga til regjeringa, med unntak av å fjerna beitetilskotet for innmark. Dei fire andre partia (Ap, Sp, KrF og SV) føreslår å reversera regjeringa sitt kutt til beitetilskot, og samtidig styrkja utmarksbeite. No sender Venstre oss tilbake til regjeringa for å fordela midlane.

Dette er ein svært vanskeleg situasjon for jordbruket som alt har brote desse forhandlingane. Så kjære Terje Breivik, eg er svært skuffa over deg og Venstre som valde å ikkje støtta Ap, Sp, SV og KrF i årets oppgjer. Då hadde Vestlandslandbruket kome vesentleg betre ut enn med dykkar opplegg.

 Lars Istad, leiar Voss Bondelag

 

Bergen Katedralskole på gardsbesøk hos Lars Istad