Vellukka samling for nye lokallagsleiarar
Under årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag på Skei, fekk nye lokallagsleiarar tilbod om å delta på ei samling. Målet var å informere om oppgåver knytta til leiarvervet.
PÅ SAMLING: Nyvalde lokallagsleiarar høyrer på nestleiar Ole Bjarne Hovland. Han informerer om oppgåver og forentningar knytta til leiarvervet.
FRÅ VENSTRE: Svein Per Ervik (Leiar i Selje og Stadlandet Bondelag), Stig Asle Midtbø (Leiar i Norddalsfjord Bondelag) og Yngve Fardal (Leiar i Høyanger Bondelag).