Vassområde Sunnfjord ber om innspel
Vassområde Sunnfjord førebur seg til arbeidet med tiltaksanalyse for vatnet som er registrert med dårleg eller svært dårleg tilstand. Det er sett opp liste over kva vassførekomstar som ikkje held mål. -Eg oppmodar grunneigarar om å gjere seg kjend med om dette gjeld vatn i deira nærområde, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag.
Fylkesmannen har det miljøfaglege ansvaret for å karakterisere og klassifisere vassførekomstane i vassregion Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er vassrammedirektivet, som skal verne vassmiljøet og sikre bærekraftig bruk. Om naudsynt skal det setjast i verk førebyggande eller forbetrande miljøtiltak. Vassområde Sunnfjord har starta arbeidet som skal ende ut i ei tiltaksanalyse for vassområdet, og i samband med det er det sendt ut ei liste over vassførekomstar som er registrert med dårleg eller svært dårleg kvalitet. -Vi må følgje prosessane i vassområda, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag. Ho meiner det er viktig at grunneigarar kjenner til om vassførekomstane i deira område står på lista over dei som har for dårleg kvalitet. -Grunneigarar kan bidra til å betre kunnskapsgrunnlaget, dei kjenner gjerne godt til vassdraga som ligg inntil eigedomane, seier Sæther. -I dei områda landbruk vert peika på som ein mogleg påverkar til eit dårleg vassmiljø, er det sjølvsagt viktig at vi er delaktige, avsluttar ho.
Sunnfjord: Registrerte vassførekomstar med dårleg kvalitet finn du her. (Vassførekomstane ligg kommunevis)
Dersom ein har spørsmål, eller vil kome med innspel, kan ein kontakte prosjektleiar i vassområde Sunnfjord, Alana Shanks (tlf. 57 72 58 17/ 915 94 003, e-post Alana.shanks@forde.kommune.no)
Ein kan og kontakte fylkeskontoret til Sogn og Fjordane Bondelag. Send gjerne e-post til anita.sather@bondelaget.no, eller ring 57 83 70 80 (måndag-onsdag-fredag).