Vårkampanjen er i gong
Lokallaga har starta opp med sin vårkampanje, og i desse dagar er dei ute og skal hjelpe forbrukarar og politikarar til å finne fram til den "indre bonden" i seg.
Mange deler dei verdiane som landbruket står for, og er positive til norsk matproduksjon. Vi tør påstå at det bur ein indre bonde i dei fleste. Men veit dei om det? I desse dagar er lokallaga ute og snakkar med forbrukarar og politikarar under kampanjen "Norge treng bonden". Her kan dei som vil blant anna ta "bondetesten" for å kartlegge kva slags bonde ein er. To av lokallaga som har vore ute og testa er Førde og Jølster:
Her kan du sjå kvifor Norge treng bonden, og møte fleire bondetypar