STOLT BONDE: Knut Tore Nes Hjelle.

 

- Eg har cirka 90 sauer, seier Knut Tore Nes Hjelle.

Han fortel at lamminga starta veka før påske, og at cirka 30 av dei har fått lam. Tilsaman har det kome 65 nye lam til verda på garden i år, og fleire er venta.

Du har takka ja til at Vestland Bondelag kan følgje deg eit døgn under lamminga, kvifor ville du stille opp?

- Eg ynskjer å synleggjere kvardagen til sauebonden no på våren. Etter eg vart styremedlem i Vestland Bondelag kjenner eg på eit ekstra ansvar til å stille opp. Målet er å syne korleis det faktisk er, vise kor maten kjem frå og arbeidsmengda som ligg bak.

 

Kva kan sjåarane vente?

FINE DYR: Sau med fire lam.

 

- Eg håpar det kjem masse lam, er litt synd om det ikkje skjer.

I 24 timar skal livet som sauebonde dokumenterast gjennom ulike videoar som blir publisert jamnt gjennom døgnet. Filmane vert publisert på Facebooksida til Vestland Bondelag. Første film kjem torsdagskveld, så går det jamnt og trutt til fredagskveld.

- Eg gler meg til å syne fram livet som sauebonde, avsluttar Nes Hjelle.