Utmarksressursar på agendaen

Utmarksressursane sin plass i framtidslandbruket i Vestland var temaet då Vestland Bondelag inviterte fylkespolitikarane til vandring i Sunndalen i Oppstryn.
Til tross for litt tungt vêr var det god stemning då spreke politikarar frå Venstre, Krf og Senterpartiet var med Vestland Bondelag på tur til Sunndalssetra i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Rolf Olav Gjørven og Gry Ingvild Agjeld frå fylkesstyret var turleiarar, og representantar frå nasjonalparken og Statens naturoppsyn viste kva som er gjort for å sikre beiting og bruk av utmarksressursar. Det er både storfe og sau på beite, og stien inn er lagt til rette for at dyra skal kome seg opp bakkane.
Rovdyrproblematikken vart sjølvsagt også diskutert, og Lene Vangberg Monsen frå Klima Vest snakka om utmarksressursane i eit klimaperspektiv.
På setra vart det servert lokalprodusert rømmegrøt og spekemat.