LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

Bakgrunnen for rapporten er nye krav til dyrevelferd som kjem i 2024, og krav om lausdrift for storfe frå 2034.

 

- NIBIO anslår at vi kan ende opp med å levere 20 – 30 mill. liter mjølk mindre enn i dag. Det betyr lågare verdiskaping, og mindre bruk av areal i Vestland.

Det seier fylkesleiar Anders Felde.

- Det vil også føre til at andre deler av landet må overta denne produksjonen, og då vil norsk sjølvforsyning gå ned.

Felde tykkjer det er dramatisk, då verda skal produsere meir mat i eit meir uroleg klima.

- Situasjonen er lik i store delar av distriktslandbruket, det betyr at utfordringane som kjem fram i rapporten ikkje berre gjeld Vestland. Det er mange små og mellomstore gardsbruk, med utfordrande topografi.

 

Fryktar deler av Vestland vil gro igjen

- Samanhengen mellom innføring av dyrevelferdskrav og manglande politisk vilje til å finansiere desse krava diskvalifiserer mange mjølkebruk for vidare drift.

Felde forklarar at konsekvensen vil bli at vi samlar meir av mjølkeprouksjonen både lokalt og regionalt, og at det vil tømme bygder og områder for mjølk.

-  Slår situasjonen beskrive i rapporten til, vil deler av Vestland gro igjen. Sjølv om mange av bøndene i rapporten tenkjer at naboen vil overta drifta av arealet, så tenkjer dei ikkje gjennom at også naboen gir seg.

 

Borch kunne gjort meir

- Vestland Bondelag meinar at Landbruks og matminister Sandra Borch kunne gjort meir for at fleire mjølkebruk ser seg som ein del av framtida.

Regjeringa har sett av 200 mill i ekstra investeringspott til utfordringane kring lausdriftskravet.

- Regjeringa  ser ikkje ut til å forstå at dei også må betre verkemiddela kring investeringstilskot for å bidra til at det vert lønsamt å bygge for 15-30 mjølkekyr.

Felde fortel at svak lønsemd over tid har bidrege til at optimisme er snudd til pessimisme hos mange mjølkebønder, og jordbruksoppgjeret i 2022 blir avgjerande for framtida til landbruket i Norge.

- Lønsemda i næringa må løftast  betydeleg, samtidig som investeringsverkemiddela må forbetrast betydeleg slik at det gir ei framtid for mjølkebruka på 15-30 kyr.

I dag får ein støtte på 2 mill. eller 2,4 mill. om ein byggjer i tre. Det må opp til 3 og 3,5 mill. utdjupar Felde.

- Vestland Bondelag meinar det er framtidsretta for Norge å legge til rette for at mindre bruk også skal kunne ha mjølkerobot og lausdriftsfjøs.

No håpar Felde at det kjem ei storsatsing, som kan skape framtidstru for mange av dei mindre bruka.

- Skal vi sikre lys i fjøsa kring om i bygdene,  og framleis legge til rette for eit landbruk over heile landet må det ei stor satsing til, avsluttar han.