- Det var veldig bra frammøte på kurset i går, seier kursdeltakar Frøydis Haugen. Ho var nøgd med samlinga, som vart leia av landbrukssjef Kjartan Nyhammer.

Tema i den første samlinga er generell beredskap. Eit villare, våtare og varmare vêr stiller nye krav til oss. Korleis kan vi førebu oss? Lokallaga hadde invitert Ståle Hauge frå Lindås Kommune til å snakke om beredskap i kommunen.

Det var 20 bønder frå Osterøy, Meland, Lindås og Radøy som møtte på den første samlinga. Neste samling er måndag om ei veke på Strilatun på Seim klokka 20.

-  Vi har plass til fleire, seier Frøydis, alle er hjarteleg velkomen.

Les meir om kurset: Tryggere Sammen.

Ståle Hauge fra Lindås Kommune