Denne helga vart Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival arrangert på Koengen. Sjå video frå festivalen her (bt.no). Det bugna av god lokalmat og -drikke, og fleire organisasjonar hadde stand med ulike aktivitetar.

Hordaland Bondelag sto saman med Hordaland Bygdeungdomslag og Hordaland Bygdekvinnelag. Vi fekk i oppdrag å lage aktivitetar for barn, og hadde både quiz, namnekonkurranse og utstilling av dyr.

Vi stilte også ut ein traktor frå Felleskjøpet, eit ynda fotoobjekt! På grusvegen ved standen hadde vi sett opp ei løype for trøtaktorar, der ein kunne ta trøtraktorsertifikat. Det vart etterkvart stor trafikk av ivrige små som trødde i veg. Takk til Felleskjøpet Agri, AK Maskiner og Gule's Mek og Landbruksverkstad AS som gav oss trøtraktorar, og til Bondelaga i Lindås som lånte ut sine traktorar.

Laurdag stilte Frøydis Haugen ut fjordhestane Bakkebruna og Trudvangs Frøya, og i tillegg hadde vi ein kalv og høner med heile helga. Det var også oppvisning med gjetarhund og kalvemønstring.

Standen vår var populær, og det var nok å gjere for dei som stilte opp som mannskap. Takk til alle for god innsats!

Standen vår før det kom folk

Populært med traktor

Kalvemønstring

Gjeterhund-oppvisning

Utstilling av høns

Trudvangs Frøya og Bakkebruna

Gøy med tråtraktorsertifikat! Bygdeungdomslaget var med og hjalp til.

Leif Arne Lirhus gir råd til små bønder

Birøkterlaget hadde også stand

Langegården stilte med hest og kjerre