Bjørgulv syner utstyr som vart nytta av ein mjølkekontrollør i 1952For femte året på rad vart det arrangert julegrautkveld på Stemneplassen for medlemane i Uskedalen Bondelag. Tor Ove Haugland hadde som vanleg ansvaret for grautkokinga.

Det tradisjonelle arrangementet vart gjennomført i kjend stil med mandel i grauten. Det er alltid knytta stor spenning til kven som finn mandelen, og i år vart det Geir Helland frå Husnes som stakk av med sigeren.

Nytt i år var føredrag. Bjørgulv Eik var utfordra på å fortelja frå tida han arbeida som mjølkekontrollør i Tine. Det var kjekt og lærerikt å høyra på Bjørgulv som tok oss med tilbake til 1952, då han starta i jobben. Det var sykkel som vart nytta som framkomstmiddel dei fyrste åra, før han investerte i motorsykkel. På denne tida var det vanleg at kontrolløren overnatta på garden, slik at han fekk teke kontroll kveld og morgon.

Prøvane på mjølka tok Bjørgulv med seg og leverte inn på Meieriet. Dette vart gjort ein gong i månaden. I dag utfører bonden kontrollen sjølv, prøvane vert levert på mjølkebilen. Rådgjevarbesøk i dag begrensar seg til nokre få gongar i året. Ikkje berre utviklinga innan kontrollen har vore stor, dette gjeld også mjølkeproduksjonen per ku.

Dei eldste tala Bjørgulv kunne visa til er frå 1922, og kjem frå Omvikdalen. På denne tida var gjenomstitt mjølkeyting per ku 1800 kg mjølk. I dag er dette auka til omlag 8000 kg per ku. Ein kan altså berre slå fast at knapt nokon andre bransjar kan syna til ei så stor utvikling som landbruket dei siste åra.

Julegrautkvelden var avslutta med kaffi, kaker og julesnop. Det var god stemning og drøs.

Tekst og foto: Olav Hjetland Bringedal

Geir Helland vann marsipangrisen. Her med leiar Hans Reidar Kjærland

Kontrollbok frå mjølkekontrollen i 1952

Grautmøte i Uskedalen Bondelag