Tid for Matamål
Siste helga i september er det tid for matfestivalen Matamål på Sandane. I år står mellom anna kortreist mat og auksjon på programmet.
- Me trur det vert ein fantastisk festival, seier Sigmund Vereide, leiar for Matamålfestivalen på Sandane.
Matamål er eit arrangement som har fokus på mellom anna mattradisjonar og kortreist mat.
Rekord
- Me har 8-9 nye stands, samtidig som me har klart å halde på dei fleste frå i fjor. Tilsaman vil det vera over 50 stands i år, det er rekord fortel Vereide.
Han oppfordrar folk til å ta turen.
- Eg håpar at mange kjem. På Matamål kan ein mellom anna smake på kortreist mat og prate med produsentane.
Kor mykje gler du deg til festivalen?
- Eg gler meg veldig, fortel Vereide.
For meir informasjon om Matamål, klikk her.