Til deg,
litt å tenke på.

Jordbruksoppgjeret er noko som ikkje bare burde oppta jordbrukarane sjølve, men og kvar enkelt forbrukar som har mat i kjøleskapet. Kvar enkelt menneske som ynskjer at barn skal vekse opp her, også i framtida etter oss.

Uansett kor viktig jobb ein har, så får ein ikkje gjort den utan mat. Det er eit basisbehov. Noko som er ein sjølvfølge. Men som vert tatt for gitt av mange her me befinn oss, heilt ytterst på den grønnaste grein.

Jodbruksoppgjeret handlar om mat tryggleik, td antibiotiksresistens. Kven vil vel tilbake til den mørke tidsalderen i medisin før antibiotikaen, tilbake til at folk igjen døyr av lungebetennelse og ja øyrebetennelse..

Det handlar om dyrevelferd. Å gi gardbrukaren dei økonomiske rammene som skal til for at han/ho kan investere, kan bruke tida si på dyra og garden istaden for å slite seg ut på tileggsjobbar. Dette handlar utvilsomt og om gardbrukarvelferd. Har gardbrukaren det bra så får dyra det bra og.

Det handlar om dette nydelige og varierte kulturlandskapet me vassar rundt i, folk legg ut bilete etter bilete på sosiale medier. Både nordmenn og turistar, det er verdifullt både for sjela til oss alle, og for lommeboka til turistnæringa.

Det handlar om å kjempe for å nytte alt det arealet med matjord me har fått tildelt frå naturen si side, til matjord. Det er tross alt bare 3 % av landoverflata her i landet som kan nyttast til det. Alikevel vel mange å byggje det ned.

Det handlar om busetting i distrikta. Det handlar om kanaliseringspolitikk, at det som vert dyrka der det kan dyrkast best, vert dyrka der. Så det til dømes ikkje vert sentralisert grasproduksjon og for lite kornproduksjon, som ikkje er ei framtidsretta løysing i det heile.

Det handlar om arbeidsplasser. Totalt ca 100 000 arbeidsplasser, i jordbruk og foredlingsindustri. Gardbrukarane kan jammen mykje men dei er og avhengig av andre som og baserar virksomheten sin på landbruket td. dyrlege, eletrikar, div service folk, rørleggar, snekker, rådgivarar, vareleveransar osv osv.. Ringvirkningane er store. Norsk jordbruk er faktisk ein bærebjelke i fastlandsindustrien.

Det handlar om klima og miljø, å støtte tiltak til forbetringar. Eit lite tankekors til dei som trur at noko så naturleg som kyr har størst skuld i klimaproblemet, så har det blitt færre kyr og fleire bilar og flyavgongar dei siste åra, i tillegg bind metan seg i graset ein dyrkar så det er ein ganske naturleg gang på det. Alle i jordbruket ynskjer uansett å bli betre, det er naturen me jobbar på lag med og er avhengig av for mat på bordet. Der trengs det midlar for gjennomføring.

Det handlar om beredskap, i ei framtid me ikkje kjenner. Der klimaendringar og krig kan stenge grenser og flytte på folk, så er me avhengig av å kunne brødfø oss sjølve. Det er i seg sjølv grunn nok til å ta vare på gardbrukarane og matjorda. Eg håpar den tida ikkje kjem, Akkurat som du ikkje håpar huset ditt brenn ned, men du forsikrar det jo alikevel...

Det handlar om tollvern, om at me ikkje importerar det me har forutsetningar for å produsere sjølve. Bare for at det er billegare akkurat her og no.

Det handlar om så mykje, og det handlar om framtida.

Jordbruksoppgjeret handlar ikkje bare om jordbrukarane og dyra.

Det handlar om deg og meg, om naboen og alle dei andre. Og ikkje minst så handlar det ikkje bare om oss, det handlar like mykje om alle dei som kjem etter oss..

Ta ansvar for framtida.

Marianne Nordhus, leiar i Halsnøy Bondelag