Leiar og minister takk for gode innhaldsrike og interresanne talar.

Ein glad og nøgd gardbrukar steller godt med både dyr og jord. Ein som har arbeid å fylle dagane med, men som òg har tid til familie og litt fri, utan å kjenne på alt som skulle vore gjort, og ein økonomi så tung, at kven som helst kan bli grå i håret.

Rundt 70% av oss har båsfjøs, 6500 bønder står ovamfor valet; slite seg ut eller legge ned. Det er trist, men det er nok ikkje rart at mange vel det siste.

Ingen av dei to alternativa fører til landbruk i heile landet, opprettholdelse av dagens mjølkeproduksjon, eller auka dyrevelferd -s om jo er det overordna målet med dette båsfjosforbodet vårt.

 Eg er mjølkeprodusent og har båsfjøs. Eg er sjølvsagt glad for utsettelsen. 

At dette skjedde i landbruksforhandlingane. 

At DET skulle bli eit av nøkkelpunkta som sikra ein avtale, det overraska meg og mange rundt meg. 

Eg trudde ikkje det hadde noko i forhandlingane å gjera. 

Eg vel og å tru at den utsettelsen uansett ville funne stad, utanom landbruksoppgjeret.

For økonomien, for å behalde landbruk i heile landet, for å oppretthalde mjølkeproduksjonen, auke matproduksjonen, for forvaltning av matjorda der den ligg og er best egna til sin produksjonen, for dyrevelferda og for garbrukarvelferda.

Eg er for små bruk og eg er for store bruk.

Skal me nytte dette vakkre og svært varierte landet vårt og produsere nok mat så treng me begge. 

Gi bonden tid, tillit og ein økonomi å leve av. (Så kan folk fortsatt ha nøgde kyr og glade gardbrukarar på melkekartongen også i framtida.)

 Uansett fjos. Tar du vare på gardbrukaren får du god dyrevelferd.