Metoo er både dessverre og heldigvis blitt eit tema i organisasjons og arbeidslivet. Vi vil gjerne ynskje inn nye unge tillitsvalgte i organisasjonane, men det er viktig å bli bevisst på fordommar som diverre lev i beste velgående.

Eg trur det er viktig å vere bevisst på at det er meir enn bare «tafsing» for å sei det slik. Det vert iblant sagt ting som ikkje høyrer heime nokon stad. Av ellers kloke flinke oppegåande godt vaksne folk. Og ting som vert sagt kan faktisk vere verre ein ein klaps på baken. Samtidig som landbruksorganisasjonane ynskjer unge, gjerne damer inn som tillitsvalte så kan dei likevel møte haldningar som dette.

Eg fekk høyre frå ei som ein kveld etter ein konferanse hadde fått slengt på seg følgande setning:
«Eg ville bare snakke litt med deg, for eg veit jo ikkje så mykje om deg. Om du bare er dum og deilig, eller om det er meir i deg enn det.» Og damer, er det slik at om de treff ein kjekk mann i eit tillitsverv så fell det seg heilt naturleg å sei samme setning til han. Å spør han om det er noko meir der, eller om han bare er dum og deilig...?

I selskap med andre som i snitt nesten er ein generasjon eldre. Og på fagområder og tema ho framleis var ny i. Så var ho den første til å innrømme for meg at ho ikkje alltid kjenner seg like lur. Det er jo lett for dei fleste av oss å kjenne seg att i. Uansett, ho vil nok i hans auger alltid vere dummare enn han. Han hadde jo bestemt det, før han møtte ho.

Eg er glad eg fekk høyre om dette, og at eg kan bruke det som eit eksempel. Ein skal ikkje måtte forsvare seg for slikt, men nokre tankar kjem jo i kjølvatnet av det.

Les heile innlegget til Marianne.