- Stolt av å vera bonde
Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag tykkjer han har ein meiningsfull jobb. Han produserer mat til deg og meg.
- Folk treng mat, difor gjer eg ein viktig jobb.
Per Hilleren er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han trur folk set pris på bøndene i fylke.
- Eg veit om mange som set pris på matproduksjon me har i Sogn og Fjordane.
Verdiskaping
- Me skapar verdiar ved å produsere mat i Sogn og Fjordane. Me har mellom anna stor næringsmiddelindustri her. Dessutan kjøper me som bønder mange tjenester i lokalområdet. På den måten bidreg me til fleire arbeidsplassar.
Fylkesleiaren meiner det er viktig å produsere mat i eige fylke.
- I ein krisesituasjon er det spesielt viktig. Det er forresten veldig viktig uansett.
Framtida
- Det er vanskeleg å spå korleis framtida til landbruket vil bli. Som person er eg optimist, og eg trur at både bonden og matproduksjonen i fylket vil vera viktig framover.
No håpar Hilleren at fleire unge vel å satse på næringa.
- For å få fleire unge med oss, må me snakka opp landbruket. Det må me som er i næringa og folk rundt oss bli flinkare til.