Stem på Årets Unge Bonde
- Det er kjekt at to unge bønder frå vestland er med i kampen om å verte årets Unge Bonde seier fylkesleiar Anders Felde. Dei to er mjølkeprodusent Hermund Prestegård frå Luster og Klaus Finne frå Voss som produserer økologiske grønsaker og frukt.
Årets Unge Bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonalds Norge og Felleskjøpet Agri. Det er eit mål å setje fokus på produksjon av norsk kvalitetsmat og synleggjere nokon av dei dyktige unge bøndene i Norge. Bonden må vere under 35 år og eit sundt førebilete som kan inspirere fleire kloke hovud og driftige hender til å finne vegen til norsk landbruk.
No er dei ulike kandidatane presentert og det vert gjennomført ei avrøysting fram til 17. oktober. Gjennom denne røystinga vil 13 kandidatar verte redusert til 4 finalistar. Det hadde vore kjekt om i alle høve ein av finalistane er mellom dei to kandidatane frå Vestland.
Gje di stemme på nett før 17. oktober
På denne sida finn du alle kandidatane og kan gje di røyst
Her finn du meir kunnskap om Hermund Prestegård som i ein alder av 18 år tok over mjølkebruket i Gaupne i luster. No er han 29 år.
Her finn du meir kunnskap om Klaus Finne på 31 år. Han har lagt karriere som fristilkøyrar på hylla for å satse mellom anna som fruktprodusent på Voss.