Snart klart for årsmøte
Det er snart tid for årsmøte i Hordaland Bondelag. Årsmeldinga er i trykken og kjem i posten til alle medlemer som har registrert rett adresse hos oss.
Årsmøtet skal vere på Thon Hotel Sandven i Norheimsund fredag 13. og laurdag 14. mars. Innkalling og sakspapir kjem i posten denne veka. Årsmeldinga kjem i eigen sending til alle medlemer. Den vert så handsama i årsmøtet.
Det er leiaren i lokallaget som skal møte på årsmøtet, og i tillegg kan dei laga som har over 100 medlemer sende ein utsending for kvart påbyrja 100 medlem (101-200= leiar +1, 201-300 = leiar +2).
Dersom leiaren ikkje kan møte sjølv, er det viktig at laget vert representert med ein annan frå styret. Vi ser gjerne fleire kvinner i møtet.
Vi vil gjerne ha påmelding så fort som mogeleg, slik at sakspapir kan sendast direkte til utsendingane.
Påmelding: hordaland@bondelaget.no / 55 91 88 80
Førebels program:
Fredag 13. mars
Kl 10.30 Kaffi og registrering
Kl 11.00 Opning, ved ordførar Jostein Hellestveit
Årsmøtesak 1. Godkjenning av innkalling
Årsmøtesak 2. Godkjenning av saksliste
Årsmøtesak 3. Val av to personar til å skrive under møteprotokollen
Helsing frå Kvam kommune v/ordførar Asbjørn Tolo
Leiaren sin tale v/ fylkesleiar Frøydis Haugen
Innlegg frå styret i Norges Bondelag v/Einar Frogner
- Ordskifte
Kl 13.00 Velkommen til bords, lunsj
Kl 14.00 ”Mindre Stat - Meir mat!”
- Er det så enkelt?
v/ fylkesmann Lars Sponheim, leiar av Forenklingsutvalet
Debatt
Kl 15.45 Pause med kaffi og kake
Kl 16.15 Open Post
Kl 16.45 Framtida er blå/grøn.
Bioøkonomi – vår nye vekstnæring
v/ prosjektleiar Svein Guldal, Norges Bondelag
Kl 17.30 Slutt for dagen
Kl 19.30 Årsmøtemiddag
Laurdag 14. mars
Kl. 08.30 Jordbruksforhandlingane 2015
Kampanje, forhandlingar, aksjonsberedskap
v/ Einar Frogner og Frøydis Haugen
Kl. 09.30 Open Post
- HMS i landbruket v/ HMS leder Charlotte Joys
Kl. 10.00 Tema styret ynskjer å løfte fram
Kl. 10.30 Årsmøtesak 4. Innkomne saker
- Etablering av nytt institutt for Bioøkonomi
Kl. 11.00 Pause m/utsjekk
Kl. 11.30 Årsmøtesak 5. Årsmelding
Årsmøtesak 6. Rekneskap
Årsmøtesak 7. Budsjett
Årsmøtesak 8. Arbeidsplan
Årsmøtesak 9. Val
Kl. 13.00 Norges Låver v/ Eva Røyrane
Kl 13.30 Lunsj og heimreise