Frå årsmøtet i 2014Årsmøtet skal vere på Thon Hotel Sandven i Norheimsund fredag 13. og laurdag 14. mars. Innkalling og sakspapir kjem i posten denne veka. Årsmeldinga kjem i eigen sending til alle medlemer. Den vert så handsama i årsmøtet.

Det er leiaren i lokallaget som skal møte på årsmøtet, og i tillegg kan dei laga som har over 100 medlemer sende ein utsending for kvart påbyrja 100 medlem (101-200= leiar +1, 201-300 = leiar +2).

Dersom leiaren ikkje kan møte sjølv, er det viktig at laget vert representert med ein annan frå styret. Vi ser gjerne fleire kvinner i møtet.

Vi vil gjerne ha påmelding så fort som mogeleg, slik at sakspapir kan sendast direkte til utsendingane.

Påmelding: hordaland@bondelaget.no / 55 91 88 80

 

Førebels program:

Fredag 13. mars

Kl 10.30          Kaffi og registrering

Kl 11.00          Opning, ved ordførar Jostein Hellestveit

Årsmøtesak 1. Godkjenning av innkalling

Årsmøtesak 2. Godkjenning av saksliste

Årsmøtesak 3. Val av to personar til å skrive under møteprotokollen           

Helsing frå Kvam kommune v/ordførar Asbjørn Tolo

Leiaren sin tale v/ fylkesleiar Frøydis Haugen

Innlegg frå styret i Norges Bondelag v/Einar Frogner
                                  
            - Ordskifte

Kl 13.00          Velkommen til bords, lunsj

Kl 14.00          ”Mindre Stat -  Meir mat!”
- Er det så enkelt?
    
v/ fylkesmann Lars Sponheim, leiar av Forenklingsutvalet

                        Debatt       

Kl 15.45          Pause med kaffi og kake

Kl 16.15          Open Post

Kl 16.45          Framtida er blå/grøn.
Bioøkonomi – vår nye vekstnæring
v/ prosjektleiar Svein Guldal, Norges Bondelag

Kl 17.30          Slutt for dagen

Kl 19.30          Årsmøtemiddag

 

Laurdag 14. mars

Kl. 08.30         Jordbruksforhandlingane 2015

Kampanje, forhandlingar, aksjonsberedskap

v/ Einar Frogner og Frøydis Haugen
 

Kl. 09.30         Open Post
                        - HMS i landbruket v/
HMS leder Charlotte Joys

Kl. 10.00         Tema styret ynskjer å løfte fram

Kl. 10.30         Årsmøtesak 4. Innkomne saker
- Etablering av nytt institutt for Bioøkonomi
 

Kl. 11.00         Pause m/utsjekk

Kl. 11.30         Årsmøtesak 5. Årsmelding

Årsmøtesak 6. Rekneskap

Årsmøtesak 7. Budsjett

Årsmøtesak 8. Arbeidsplan

Årsmøtesak 9. Val
 

Kl. 13.00         Norges Låver v/ Eva Røyrane

Kl 13.30          Lunsj og heimreise