I år var Bergen Matfestival på Festningskaien i Bergen. Mange produsentar frå Vestland hadde tatt turen til festivalen og selde lokalmat av høg kvalitet. Vestland Bondelag hadde stand på Ung Matfest, der temaet var berekraft.

Vi hadde med oss potter med gras og kasser med høy, silo, halm, kraftfôr, kunstgjødsel og gylle. I tillegg til plakatar med informasjon, var kassene med meir eller mindre duftande innhald ein god måte å kome i kontakt med folk på. Dei som var interessert fekk vite litt meir om grovfôrproduksjon, husdyrhald og beite. Vi hadde også med smartbjøller og Nofence.

Pressing av eplesaft med påfølgande smaksprøver var eit populært innslag. Det var ikkje alle som hadde tenkt på kordan ein lagar eplesaft, og var overraska over kor mykje arbeid det var å gjere det for hand med ei lita presse.

Elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule, Mo og Øyrane vgs og Stend vgs delte ut spørsmål til quiz og norske eple som premie. For å finne svara på spørsmåla var mange av dei besøkande innom standane våre for å få litt hjelp frå bønder og naturbrukselevar. Kari Sigrun Lysne og Lars Bø frå fylkesstyret var med på laurdag, medan Eivind Myrdal frå Bergen Bondelag og Bodhild Fjelltveit frå Norges Bondelag hjalp til på fredag.

Før festivalen opna arrangerte Vestland Bondelag ein samtale mellom landbruks- og matminister Olaug Bollestad og direktør for Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark, på scena på festivalområdet. Praten gjekk om berekraft, sjølvforsyning, klima og auka verdiskaping. Christian Anton Smedshaug frå AgriAnalyse leia samtalen. Fylkesleiar Anders Felde var sjølvsagt med.

Grovfôrproduksjon og berekraft som tema

Inne i teltet hadde vi stand saman med Bybonden og naturbruksskulane

Elevar frå Stend vgs

Elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule

NoFence og smartbjøllerOlaug Bollestad, Geir Ove Ystmark, Anders Felde og Christian Anton Smedshaug