Menneskeleg ferdsel over landegrenser og kjøp og sal av dyr er ein stadig større risiko for oss som husdyrprodusentar seier fylkesleiaren. No seinast ved utbrot av afrikansk svinepest i Sverige,  der smitten truleg kjem frå menneskeleg aktivitet i utmark.  

Ho oppmodar alle om å ha ei oppfriskingsrunde på eigen gard med gjennomgang av eigne smittevernrutiner.  - Det vil alltid vere bra med gjennomgang av ulike risikoar på ein gard, held Agjeld fram.    Å utarbeide sin eigen smittevernplan er nyttig.  Det gjev auka kunnskap og medverkar ved gjennomføring til ein redusert risiko på garden. 

PÅ KSL si heimeside finn du mykje nyttig kunnskap om smittevern.

Lovgrunnlaget for å utarbeide ein smittevernplan finn du på Mattilsynet si side