Opptil 29.000 tidlegare gardsbruk stod i fare for verken å få straumstøtte innanfor landbruksordninga eller ordninga for husstandar.  Det sidan dei står registrert som næringskundar for straum, men IKKJE søker produksjonstilskot.   Norges Bondelag åtvara mot at desse fell mellom alle ordningar.  No har regjeringa og SV funne ei løysing på dette problemet.   Dette vil truleg kunne gjelde ein del bruk som ikkje lenger har landbruksdrift og som i dag leiger ut jorda.  No kan desse bustadene få kompensasjon til liks med hushaldningane elles i landet, men det krev ei aktiv handling frå deg som er straumkunde held Felde fram. 

Sjå Landbruksdirektoratet sine sider

Kontakt nettselskapet

Er du i kategorien ovanfor må du så raskt som mogleg ta kontakt med nettselskapet ditt og registrere deg som husstandskunde.  Desse bruka vil ikkje kunne få støtte gjennom ordninga for landbruket, som har eit tak på 20.000 kilowattimar (kWh) i støtte.  Dei kan derimot få støtte for inntil 5000 kWh som husstandar, held Felde fram.  Omregistreringa skal  kunne få tilbakeverkande kraft slik at også kompensasjonen for desember kan etterbetalast.

Viss det er anna næringsverksemd på gardsbruket, men ikkje jordbruksdrift eller veksthus, så kan ein gå glipp av straumstøtta, seier Felde.  Viss du ikkje driv jordbruk og ikkje kan registrerast som vanleg husstand, så fell de dessverre utanfor ordningane.  Det betyr at fleire typar næringsdrift som kan reknast som tilleggsnæringar til jordbruket ikkje vil kvalifisere til støtte. 

 

Arbeid med kostnadskompenserande tiltak pågår for fullt

Du kan lese meir om semja på Stortinget på Norges Bondelag sine sider  Der finn du også mykje god informasjon om Bondelaget sitt kontinuerlege arbeid med kostnadskompenserande tiltak.  Mykje av drøftingane i desse dagar handlar om kostnadene på gjødsel.