Dei tre laga hadde først ein felles del med faglege innleiingar før dei skildest åt og hadde årsmøtesakene i kvar sine lokale.     

Samarbeid landbruk og reiseliv

Leiar i nordsida Bondelag Per Erik Ulvedal hadde ei flott opning på tema "Kvifor gidd vi?".  Han leia også fellesdelen av møtet.   Tidlegare veterinær, no representant for Stryn Næringshage, Magne Wathne var invitert med.  Han orienterte om potensialet som ligg i nærare samarbeid med reiselivet.  Han fortalde kva som ligg i omgrepet Marknadshagar og kva Næringshagen kan tilby av tenester.   Det kom fram at det lokale reislivet ynskjer eit nærmare samarbeid med landbruket.

Leiar i Stryn Bondelag; Torill Midtkandal innleia på tema organisasjonsstruktur

Samanslåing av laga i Stryn sett på saklista

Leiar i Stryn Bondelag Torill Midtkandal heldt eit innlegg med argumentasjon for at lokallaga i Stryn bør gå saman til eitt lag.  Ho meiner det ikkje er grunnlag for så mange lokallag, då svært mange medlemer vert bundne opp med verv.  Det verkar utslitande over tid.  Det vart eit godt ordskifte etter hennar innleiing med argument både for og mot samanslåing.  I denne runde konkluderte både Oppstryn og Nordsida med at dei ikkje ynskjer eit nytt stort felleslag, men at samarbeid på saker vil vere bra.   

Fellesdelen vart avslutta med innleiing frå Lars Peter Taule frå fylkeslaget og ei god matøkt før medlemene i dei ulike laga gjekk kvar til sitt.

Årsmøtet i Stryn Bondelag konkluderte med vedtak om å melde medlemene kollektivt inn i Oppstryn Bondelag

Valnemnda i Stryn Bondelag hadde ikkje lukkast med å finne nye tillitsvalde til styret i laget.   Stryn Bondelag konkluderte i sitt årsmøte med at medlemene er best tent ved å bli overført til Oppstryn Bondelag, og at Stryn midlar sine midlar vert overført dit.  Dette bør skje ved nyttår.  Styreleiar vil formulere eit vedtak i tråd med dette, som etter godkjenning i styret vil bli sendt medlemer og fylkeskontor.  Sittande styre vil halde fram til nyttår.  Alle medlemer vil verte gjort kjende med årsmøtevedtaket, og kan då eventuelt kalle inn til ekstraordinært årsmøte om dei har andre planer for laget.  Det må i tilfele veljast nytt styre og det må skje før nyttår.   Innhaldet i vedtaket vart delt med årsmøtet i Oppstryn Bondelag. 

Medlemer i Stryn Bondelag

Medlemer i Oppstryn Bondelag.  Rolf Olav Gjørven er ny leiar i dette laget.  Han tek over etter Mathilde Dolen Nesje.

Medlemer i Nordsida Bondelag