Rød marg komen til Gloppen
- Det er alvorleg for jordbærprodusentane i Vestland at algesoppen Rød marg no er funnen hos to produsentar i Gloppen kommune, seier leiar i Grøntutvalet for Vestlandet Kari Sigrun Lysne.
Rød marg er ein jordbuande skadegjerar som angrip røtene til jordbærplantene og på den måten kan gjere stor skade i jordbærfelta. Les meir om Rød marg på NIBIO sine sider
Viktig å unngå vidare smitte
- Det er avgjerande at produsentane set i verk førebyggande tiltak for å unngå vidare spreiing av smitten, held Lysne fram. Smitte kan følge med jord på maskiner, redskap og fottøy. Difor bør ein unngå trafikk mellom eigedommar i distrikt med angrep av rød marg.
Du kan også lese meir om Rød Marg på Mattilsynet sine sider
Meir om Rød marg i Gloppen kan du lese på NRK Vestland sine sider