Resolusjon frå Årsmøtet i Hordaland Bondelag 2017

Gjennom tusenår har Hordalandsbonden gjort seg nytte av dei små, grøne flekkane blant fjordar og fjell. Bonden - ”den buande”, si historie om matproduksjon er direkte knytt saman med jordbruket si historie. Ei historie og ei utvikling som har skapt god dyre- og plantehelse, mattryggleik, og landbruk over heile landet. Framleis vert det betre, og utviklinga fortset.  Dette er vi stolte av.

Året 2017 vert eit merkeår for ”den buande” som driv jorda. Jordbruksmeldinga, som skal vera med og leggja til rette for at all matjord nyttast vert i desse dagar behandla av Stortinget. Utgangspunktet er krevjande – både for politikarane og for dei ulike samfunnsaktørane. Meldinga går til angrep frå alle kantar, og tek ikkje omsyn til kvar matjorda ligg.

Mjølkeproduksjonen er bærebjelken i landbruket i Hordaland. Det sikrar mellom anna eit godt fagmiljø, rekruttering, veterinærtenester, arbeidsplassar og verdiskaping i næringsmiddelindustrien. Verdiskapinga er stor. Dagens mjølkekvoteregionar er ein føresetnad for mjølkeproduksjon i Hordaland. Vert det færre regionar vil dette føre til gradvis svekking av mjølkeproduksjonen i fylket vårt. Saken kring regionane har tidlegare vore behandla i jordbruksoppgjeret, og vart der vist vidare til jordbruksmeldinga. Det er avgjerande at Stortinget no tek ei avgjerd  til det beste for heile distrikts-landbruket, og skapar ro om saka.

Det er ein direkte samanheng mellom beredskap ved sjukdom, og ferie- og fritidsavløysing. Hordalandsbonden er avhengig av kvalifisert arbeidskraft dersom akutt sjukdom eller krise oppstår. Omlegginga i avløysarordninga, som jordbruksmeldinga omtalar, vil utan tvil svekkje ordninga slik den er meint å vere. I situasjonar med pressa økonomi vil ferie og fritid verte nedprioritert. Dette vil kunne gå ut over bonden og dyra si helse.

Marknadsordningane er ein føresetnad for eit aktivt landbruk i heile Hordaland. Det er med og sikrar at alle areala vert brukte. Fjerning av marknadsordningane for egg, geitemjølk, eple og potet, samt svekking av marknadsordningane for svin og korn må difor avvisast. Det må arbeidast aktivt for å styrke marknadsordningane, mellom anna gjennom å etablere eitt råd for marknadsbalansering på kjøt og egg med basis i det forslaget Nortura og KLF har fremja.

Jordbruksmeldinga er ”ildprøven” på kva Stortinget vil med norsk landbruk. No skal alle dei fine formuleringane setjast på prøve. Årsmøtet i Hordaland Bondelag forventar at politikarane står ved lovnadane, og leverer ei jordbruksmelding som sikrar at jordbruksareala i heile landet vert brukte til matproduksjon.