Øko-omsetjinga i butikkane har auka med 30-40% dei siste tre åra, ein trend som ser ut til å halde seg i framover, seier prosjektleiar for føregangsfylke økologisk frukt og bær, Frøydis Lindén. - Kundane i norske daglegvarebutikkar vil ha meir norsk økologisk frukt, som du kan bidra til å produsere. På møtet vil du få vite siste nytt innan økologisk fruktdyrking og høyre frå ulike økologiske produsentar med erfaring frå økologisk eple-og plommeproduksjon. 

Seminaret er gratis og ope for alle.

Lokallagsleiar i Ullensvang Hagebrukslag, Magnus Opedal, er ordstyrar og styremedlem i Hordaland Bondelag, Knut Byrkjenes Hauso har innlegg.

Les meir om påmelding, transport ppg straming av seminaret her: Rekrutteringsdag for økologisk fruktproduksjon.