Vi treffer leiar i Eikanger Bondelag, Olav Myhr, på kontoret der han held på med rekneskapen for garden. – Eg fører rekneskapen sjølv, seier Olav, og det passar fint no som det er vêromslag.

Olav, som også er styremedlem i Vestland Bondelag, driv gard med mjølkeproduksjon på Eikanger i Alver kommune. Han har også ein flokk villsauer som landskapspleiarar. – Vi har haustkalvar, seier Olav, så no har vi akkurat kontrollert drektigheit.

- I kuldeperioden no nyleg dreiv vi med vedhogst og rydda vekk skog rundt bø og beite. Eg fekk også tid til nokre fine skiturar.

Olav har hogd ved og rydda beite.

Leiar i Gloppen Bondelag, Kristen Grov, held på med fjøsvask. – Vi har ikkje fått vaska så mykje som vanleg medan det har vore så kaldt, seier han, så vi må vaske litt ekstra no som det er mildare i vêret. Det har vore 15-16 minusgradar her, men heldigvis har det ikkje vore frost i elva der vi har vassuttak. Det har gått bra med fôret også, vi er ferdige med silo nummer ein og har byrja på nummer to. Elles har eg halde på med snøbrøyting og reparasjon av veg med ny grus.

Kristen driv med mjølkeproduksjon og kjøt. -Vi er nett ferdig med inseminering, vi har konsentrert kalving i september – oktober. Årsaka til det er at vi stengjer roboten om sommaren og sender kyrne på fjellbeite i ein og ein halv månad, seier han.

Kristen hadde med seg barnebarna i fjøset

Fjøset til Kristen

Leiar i Austevoll Bondelag, Ingolv Skumsnes, held på med å måke og strø i fjøset. Ingolv driv med sau og storfe på øya Austevoll. – Akkurat no er det litt akutt å få køyrt ut møk, seier Ingolv. Det har ikkje vore mogeleg å flytte møka no som det har vore så kaldt. Heldigvis gjekk kuldeperioden ganske greitt elles, sjølv om det vart litt for kaldt for drikkekar og møk.

Runar Aga er leiar i Bømlo Bondelag. Han driv med sau og har fulltids arbeid ved sida av garden. - Det er diverre ikkje så mange heiltidsbønder igjen på Bømlo, seier han. Eg jobbar turnus og har ekstra fri i lamminga.

– Det er ei hektisk tid no. Vi er ferdige med fosterteljing, og no går det i saueklipping, seier han. Medan det var kaldt dreiv eg med beiterydding. No som snøen snart er vekke og det vert bart og fint, er det tid for klargjering til våren og våronna.

Fjøset til Runar

Beiterydding på Bømlo

 Foto: Siv-Merethe Myhr, Kristen Grov med familie, Runar Aga og Magne Mæland