Prøveordning for ei meir effektiv lisensfelling av jerv held fram
- Det er bra at prosjektet med testing av ulike måtar å gjere jervejakta meir effektiv på held fram, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole-Ivar Åm Sognnes.
Klima- og miljødepartementet har sendt ut brev der dei stadfestar vidareføring av prøveprosjektet for meir effektiv lisensjakt på jerv. Ordninga skal evaluerast til neste år, for å vurdere om den skal gjerast permanent.
- Vidareføring av lisensfellingsprosjektet betyr at dei som er med i prosjektet i Indre Sogn framleis kan nytte lys på åte og kameraovervaking av jervebås også i vinter, oko som er svært positivt for å kunne gje eit betre grunnlag for å kunne lukkast med felling, avsluttar Sognnes.
Her finn du brevet frå departementet