Prata om Norsk Landbrukssamvirke i Loen
Ola Hedstein er administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke. Fredag 31.oktober var det nettverkssamling for bønder inn i framtida, der ville han sende ut ein bodskap. Sjå video her.
- Det har vore ein kjekk dag. Publikum var nyfikne på det eg hadde å seie, dessutan fekk eg inntrykk av at dei var interessert i å lære om eigarskapet i samvirkebedriftene.
Det seier Ola Hedstein, administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke. Han fortalde om interesseorganisasjonen for 16 bondeeigde samvirkebedrifter i landbruket.
- Me treng aktive bønder som byggjer opp kunnskap og tek eigarskap i bedriftene.
Sjå video her:
https://www.youtube.com/watch?v=-Afd8LLWHFk&feature=youtu.be
Hovudbodskap
- Hovudbodskapen min i dag, var at samvirke treng aktive eigarar.
Kva tilbakemeldingar fekk du på det?
- Det var god respons. Fleire gav uttrykk for at det var positivt å høyre at det var eigarrollen som var viktig.
Lys framtid
- Eg tykkjer samvirkebedriftene er omstillingsdyktige som få, bedriftene utviklar seg i takt med tida.
Korleis ser framtida ut?
- Den meinar eg ser god ut.